Gode Sirklar AS vart etablert i 2005. Eigarane er kommunane i Fjell (50%), Sund (25%) og Øygarden (25%).

 

Gode Sirklar AS er eigarane sin kunnskaps  baserte ressurs, som gjennom  partnarskap mellom eigarane,  SINTEF og samarbeid med andre  forskingsmiljø, skal dekkja kunnskaps- og forskingsbehov i nærings- og samfunnsliv i Region Vest.

 

Selskapet har som oppgåve leggja  til rette for samhandling og  samskaping mellom næringsaktørar,  lokale og regionale myndigheiter og  offentlege og private verkemidlar for  nærings- og samfunnsutvikling.

 

Selskapet prioriterer næringsutvikling som står for vesentleg verdiskaping i regionen, og som har stort potensial for vekst og auka innovasjonsevne.

 

Det skal nyttast ressursar til å utvikla og ta del i større og langsiktige prosjekt, som dekkjer behov for forskingsbasert kunnskap hjå deltakarar i prosjekta. Særskild til prosjekt som har vesentleg finansiering frå kjelder utanfrå regionenGode Sirklar skal bidra til den langsiktige omstillinga av næringslivet i regionen ved å gjere ny kunnskap tilgjengeleg for det kompetente og omstillingsvillige næringslivet i regionen. Selskapet har ei heilskapleg tilnærming til næringsutvikling. Gode Sirklar skal inkludere og stimulera til samhandling mellom utdanning i heile skulegangen og nærings- og arbeidsliv, og fremje tiltak som vil gjer regionen attraktiv for busetjing og for verksemder.

OM GODE SIRKLAR AS